torsdag 12. juli 2012

Takk for sist, Bruno!

Har du sett så kult? Biletet under er eit dårleg iPhonefoto frå ca to veker sidan. Ja,for i ferien har ein lov å henge etter med oppdateringane! Eg, og mange andre, var invitert til bobler og interiør hos Bruno i Haugesund. Me like!
Eg hadde, i sommarvarmen, hugsa både kamera og objektiv, så skuffelsen var desto større då eg fann ut at minnekortet stod igjen i pc'en heime !
Vil du sjå fine bileter frå kvelden kan du jo sjå innom Veronica (Villa Wegner) ,Bente Marie (Marie friis) , eller Linn (Home by Linn), for å nevna nokon meir rutinerte bloggarar med kamera og flotte bilete!
Mange fine ting for ein interiørfantast altså! Eg undrar meg til stadig over interiørtankegangen min som alltid klarer å laga plass til dei nye fine tinga som kjem på marknaden i den litle leiligheten! *smiler*

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!