fredag 8. juni 2012

Friday DIY favorite: Pimpa syltetøyglass

Det er fredag.
Det er helg.
Kvar fredag viser eg vekas kreative utslepp.
Denne veka har eg pimpa syltetøyglas.
Praktisk og billeg oppbevaring.
  1. Papir frå Søstrene Grene. Syltetøyglas frå Nora. Klipp til passeleg storleik, eller bruk skalpell slik eg har gjort.
  2. Lim fast papiret på undersida av lokket.
  3. Bruk skalpell eller saks og lag "vifter" inn mot lokket og brett dei inn og lim fast på undersida av lokket. Eg fann ut at limpistol var best å bruke, for limen størkna fortare då.
  4. Eg limte også fast ein "diamant" på topp for ekstra glam. Ein slik ein dekordiamant frå Nille.
  5. Fordi eg syns det er kult: teposehaldarar frå Søstrene Grene.
    (egentleg telysholderar)
  6. Ferdige krukker, fylt opp med te. Ei med chai, ei med grøn. Dei trong ein finare oppbevaring enn den originale pappembalasjen. Og så syns eg det var fint med det gule på etikettane mot dei lyseblå lokene.
Fint, billeg og praktisk!
God helg!

1 kommentar:

Bloggen min handlar for det meste om alt det fine i livet mitt, og ved at du er med å kommenterer gir du meg endå litt meir fint å vera glad for!